Førstnemnte la i dag turen til Kaupanger. Vertane, som ligg på ein tredjeplass på tabellen i Kretsligaen, kom best i gang. Etter 23 minutt gjekk sogningane opp i føringa, og tre minutt seinare dobla heimelaget leiinga. Kaupanger fekk nok eit mål før laga gjekk til pause på stillinga 3-0.

Andre omgang var 17 minutt gamal då heimelaget nok ein gong sette ballen i mål. Ni minutt seinare sette Kaupanger-spelar Sindre Rørvik sette inn sitt tredje for kvelden.

I siste ordinære speleminutt reduserte Stefan Misic for TMFK.

Sluttresultatet i Kaupanger vart 5-1.

Også Bremanger fekk det tøft då dei besøkte Stryn stadion i kveld. Heimelaget gjekk opp i leiinga etter 21 minutt. Sjølv om vertane hadde fleire sjansar i første omgang, klarte bremangarane å hindre stryningane i å score. Stillinga til pause var 1-0.

Dei neste 45 minutta vart tøffare. Stryn scora fire gongar i løpet av andre omgangen, og gjestane måtte reise frå oppgjeret i indre Nordfjord med fem baklengsmål i bagasjen.