– Vi føler at vi kanskje ikkje alltid har hatt lukka med oss. Vi har vore mykje uheldige, og vi har sikkert vore det laget som har hatt flest avslutningar i stolpen. Men vi har heldt saman og stått på. Vi har blitt godt kjent med kvarandre og bygd opp eit ganske bra lag, samanfattar Hjertenes.

Etter ni spelte kampar ligg Tornado Måløy på botnen av tabellen med fire poeng.

– Vi har hatt ein del spelarar som har blitt skada og i tillegg har vi hatt eit veldig ungt lag. Men nokre tidlegare spelarar har steppa inn og gjort ein veldig god jobb. Samstundes har nokre jentespelarar debutert og gjort ein kjempejobb. Dei har vore tøffe og stilt opp når vi har trengt det. Vi er veldig klare for resten og veldig motiverte for å klatre på tabellen.

Damelaget fekk det tøft i søndagens oppgjer mot Jotun.

– Første omgangen var eigentleg veldig jamn, og ti minutt ut i andre omgang scora vi og gjekk opp i føringa. Ganske raskt etter utlikna Jotun, og så scora dei fire mål på 19 minutt etter det, seier Hjertenes, som forklarar at måla kom i ein dårleg periode for Tornado Måløy.

Neste kamp for damelaget er heime fredag mot Førde.

– Vi må berre gå inn i den kampen som vi gjer i alle andre kampar: gi alt, vere motiverte, spele saman og ha det kjekt, avsluttar keeperen.

KAMPFAKTA

3. divisjon, kvinner

Jotun–Tornado Måløy 5–1 (0–0)

Mål: 0–1 (54) Ida Apneseth, 1–1 (59) Marthe Skjerven, 2–1 (64) Augusta Skrede Luggenes, 3–1 (67) Skjerven,4–1 (70) Luggenes, 5–1 (78) Skjerven

Dommar: Oda Bjelde, Sogndal

Gult kort: ingen

Tornado Måløy: T-. L. Hjertenes, K. Trollebø, A. K. Røsok Kvalheim, E. Silden, E. Volle, I. Apneseth, S. Teige Nilsen, S. Refvik Hove, I. Navelsaker Røed, B. Lillestøl, V. Farstad Johansen

Innbytarar: K. Vederhus Myklebust, L. Silden