Har forlenga med Brann

Azar Karadas (37) frå Nordfjordeid blir å sjå i Brann-drakta også i 2019.

Azar Karadas blir å sjå i Brann-drakta også i 2019.  Foto: Arkiv

Sport

Det melder Sportsklubben Brann på sine heimesider. Dette skjer 20 år etter at han debuterte i norsk toppfotball for nettopp Brann.

Karadas fortel sjølv at valet var lett.

– Eg er både glad og takksam over å føle meg ønska i klubben. Vi har hatt ein god dialog i haust, så då var valet lett, seier han til klubbens heimesider.

Sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, seier at han føler seg sikker på at eidaren vil bidra godt, òg i 2019.

– Vi signerer Azar fordi han er kvalifisert for å kjempe om ein plass på laget vårt. Så er det ein ekstra dimensjon med han fordi han bidrar så mykje i garderoba, inn mot dei unge spelarane og elles i klubben med klokskapen og erfaringa si, sier Soltvedt.

Karadas har signert ein eittårskontrakt.