Er klar for landslagssamling

FOTBALL: Vilde Hasund frå Vanylven er blant dei 18 spelarane som reiser på landslagssamling på La Manga seinare i januar.

Vilde Hasund er tatt ut til U23-landslagssamlinga på La Manga i Spania. Arkivfoto: Odd Inge Rand 

Sport

Det melder Synste Møre.

Ifølge avisa skal Norge møte Belgia til privatlandskamp 19. januar. Landslaget skal ha ei samling same stad og møter mellom anna Skottland.

Synste Møre skriv vidare at Hasund gjorde ein flott kamp mot Sverige då ho fekk sjansen på U23-laget i august. Der var ho ein av målscorarane i kampen Norge vann 2-0.

Etter ei skade i Lyn sin kvalifiseringskamp mot Grei i november har ho nyleg starta med lett trening att, og håpar å få klarsignal til å delta på samlinga frå fysioterapeut og trenarar.