Er klar for ny klubb

FOTBALL: Eidaren Marius Hagen har signert for Fredrikstad.

Marius Hagen går frå Hødd til Fredrikstad. Foto: Privat 

Sport

Hagen kom til Hødd frå Elverum i fjor og hadde ein god sesong på Hødd si midtbane i 2018.

Med studiar og sambuar i Oslo melde behovet for å flytte på seg for nordfjordingen.

– Det er vemodig å reise frå nydelege Ulsteinvik. Eg har hatt eit supert år saman med flotte folk. Det var stort å bli kåra til årets blåsar av flotte supporterar, og kome med på årets lag i divisjonen, seier Hagen til hodd.no.