Køyrer junior-VM i dag:

– Når eg står på startstreken vil eg køyre så fort som mogleg

ALPINT: Andrine Mårstøl står tysdag på startstreken i junior-VM i alpint. Håpet er at dette er eit steg på vegen mot å bli verdas beste alpinist.

Alpinist Andrine Mårstøl (t.h.) frå Eid skal køyre slalåm og storslalåm i junior-VM i italienske Val di Fassa denne veka. 19-åringen seier det er tøff konkurranse om dei øvste plassane. Foto: Privat 

Klubben har vore min andre familie.

Andrine Mårstøl
Sport

– Målet mitt er å få ein stabil world cup-sesong i toppen og bli verdas beste. Eg vil bli så god som eg berre kan, smiler Mårstøl berre nokre dagar før ho skal sette utfor løypene i italienske Val di Fassa.