Vanylven1 gjekk heilt til topps i Norway Cup

Elleville gledesscener etter finalesigeren

FOTBALL (G15/16, 7ar Vanylven–Nesodden 2-1): Det blei kvartfinale fyrste året Vanylven var i Norway Cup, og så tapte dei finalen 3–0 i fjor. Så sat den endeleg. Slikt blir det ekstatisk glede av.

På det tredje forsøket kunne Vanylven-gutane juble for siger i Norway Cup. I fjor måtte dei ta til takke med sølv, men i år blei det gull. Etter åtte strake sigrar og 61–7 i målforskjell kunne laget reise heim att med den gjævaste pokalen. Begge foto: Odd Inge Rand 

Sport

Ein som kjenner historia godt er Ole-Johnny Bellen. Trenaransvaret har han overlate til Andreas Nystøl, men han har likevel stått på sidelinja i alle år for den same gutegjengen frå Vanylven. Fyrst i G14-klassen, og dei siste to åra i G15/16.