Klar for Toppserieklubb

Anna Nerland Aahjem frå Vanylven er klar for Lyn i Toppserien.

Anna Nerland Aahjem er klar for toppserieklubben Lyn. Biletet er frå ein tidlegare futsalturnering.   Foto: Stig Høynes

Sport

Ho melder overgang frå 2. divisjonslaget Hødd. Resten av 2019-sesongen blir Aahjem lånt ut frå Lyn til Øvrevoll Hosle IL, som spelar i 1. divisjon, står det på nettsida til Lyn Fotball Damer.

– Anna er ein interessant spiss vi så potensial i då ho var og trente med oss tidlegare i sommar. Ho er ein real goalgetter, og er veldig sterk – ein god kombinasjon inne i motstanderens boks, seier Lyn-trenar Ole Johan Aas til klubben sine sider.

Aahjem har scora 8 mål på 9 kampar for Hødd i 2. divisjon denne sesongen. Sunnmøringen har tidlegare spelt for Åheim.