Fotballhelga:

Klart for nye lokaloppgjer

FOTBALL: Laurdag møtest Tornado Måløy og Bremanger til nabooppgjer i Måløy. På Eid tar gultrøyene imot Stryn.

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Sport

Sist gong dei to laga møttest var i 16. mai-kampen framfor ei fullsett tribune på Bremanger stadion. Den gong var det Tornado Måløy som trakk det lengste strået og kunne reise heim med tre poeng, etter scoring av Tor Erik Tvendeseter Kupen. Laurdag møtest TMFK og Bremanger på Måløy stadion, og gjestane er nok gira på revansje. Helgas heimelag står med 21 poeng og ligg på ein 6. plass på tabellen. Raudtrøyene har 13 poeng og ligg på 10. plass.