Høg temperatur i lokaloppgjeret

FOTBALL: Det vart tidvis ampert på bana då Bremanger besøkte Tornado Måløy laurdag ettermiddag.

Foto: Simon Nordpoll 

Sport

Det var heimelaget som kom best i gang på Måløy stadion, og etter 19 minutt sette Sondre Myhre Silden inn TMFK sitt første mål. Heimelaget dominerte i store delar av første omgang, men bremangar Kim-Christian Liset sørga med ei scoring i det 44. speleminuttet for at laga gjekk til pause på stillinga 1-1.