Blåste inn fire nye mål i hauststormen

FOTBALL (Bremanger-Eid 1-4): På ei våt og tung grasmatte på Bremanger stadion sette Mads Wie sitt mål nummer 13, 14, 15 og 16 for eidarane så langt denne sesongen.

Mads Wie har funne scoringsforma i gult og har sidan juni sett inn 16 mål for eidarane. – Eg er fornøgd med korleis ting er no. Eg har sjølvtillit nok til å vere effektiv framfor mål, seier spissen, som her feirar sitt fjerde i kampen mot Bremanger. Foto: Stig Høynes 

Sport

– Eg er fornøgd med korleis ting er no. Eg har sjølvtillit nok til å verre effektiv framfor mål. Det seier seg sjølv at det er vesentleg å finne roa som spiss, slik at du kan score i dei situasjonane der du bør score. Og eg har funne roa i haust, seier Wie.