No kan lesarane følgje Kretsligaen enda tettare på fjt.no

Skal streame den nye klubben sine kampar

FOTBALL: Måløy Fotballklubb og Fjordenes Tidende har inngått eit samarbeid der alle heimekampane til den nye fotballklubben blir vist på fjt.no.

Samarbeid: Fjordenes Tidende og Måløy Fotballklubb har inngått eit samarbeid der alle heimekampane til den nye klubben blir vist på fjt.no. Frå venstre: Måløy FK-spelarane Rune Myre, Chris-Andre Nore, Kim-Andre Gangeskar, marknadssjef Rune Henden i Fjordenes Tidende og ansvarleg redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.  Foto: Måløy FK

Sport

– Vi veit at spesielt unge er interesserte i å sjå levande bilde, spesielt frå sportsarrangement. Andre mediehus som har gjort dette ei stund, og som har skaffa seg kunnskap og kompetanse, har fått mange unge sjåarar, seier ansvarleg redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende.

– Streamingtilbodet gir våre tilhengarar ei strålande moglegheit til å følge vårt herrelag kvart minutt av det som vert ein historisk førstesesong for Måløy Fotballklubb, seier styremedlem Sindre Kvalheim i Måløy Fotballklubb.

  • Norges Fotballforbund melde torsdag at dei stoppar all breiddeaktivitet ut april grunna koronasituasjonen.

Meir til abonnentane

Fjordenes Tidende har no inngått avtale med den nye klubben i det som var Vågsøy kommune, Måløy Fotballklubb, om eit sponsorsamarbeid, og samarbeid om å streame alle heimekampane til laget.

– Vi satsar på at vi innan kort tid skal ha på plass avtalar med dei andre klubbane for også å streame bortekampane, seier marknadssjef Rune Henden.


Slik blir dei nye draktene

FOTBALL: Måløy Fotballklubb kan no presentere korleis dei nye draktene skal sjå ut, men fabrikkane som skal produsere draktene i Kina er ramma av koronaviruset, og draktene kjem difor først ein månad etter sesongstart.


Redaktør Erling Wåge fortel at målet med denne satsinga er å få tak i nye yngre abonnentar, men også at alle som allereie er abonnentar skal få endå meir igjen for å vere abonnent på Fjordenes Tidende.

Sindre Kvalheim understrekar at kampopplevinga på ein stadion, anten du er på Anfield eller Skavøypoll stadion, alltid vil vere betre enn å sitte framfor skjermen.

– Men over ein lang sesong vil det vere kampar der enkelte av våre tilhengarar ikkje har anledning til å ta turen til stadion. I dei tilfella kan streamingtilbodet vere eit godt alternativ. Og med enkelte lange reiser til Sogn på programmet vil nok og mange velje å følge fleire av bortekampane på fjt.no frå kystperla, seier Kvalheim, som opplever stort engasjement rundt klubben.

– Vi opplever også at mange utflytta nordfjordingar viser stor interesse for den nye klubben, og dette tilbodet gir og denne gruppa ein god moglegheit til knytte band til Måløy FK frå starten av, seier han.

Samarbeid til felles beste

Fjordenes Tidende stiller sitt utstyr og sine plattformer til disposisjon, medan Måløy Fotballklubb vil organisere ei gruppe med klubbmedlemmar som vil filme kampane.

– Så får spelarane på bana ansvaret for å sørge for at fjt.no sine sjåarar vert underhaldne, seier Kvalheim.


Styrket satsing i ungdomsfotballen

Måløy Fotballklubb er enig med Erik Sandal om å utvide hans stilling i klubben til å også omfatte arbeid for ungdomsfotballen.


Henden fortel at dette blir eit prøveprosjekt der Fjordenes Tidende samarbeider med klubben og opparbeider seg erfaring og kunnskap om å produsere livesendingar.

– Vi har hatt, og har, ein veldig god dialog og godt samarbeid med den nystarta klubben. Det er grunnen til at vi vil streame kampane til dette laget i første omgang. Blir dette vellukka, så vil vi utvide prosjektet til andre lag, og kanskje andre idrettar, der vi kan samarbeide med lokale lag og lokale krefter til at lokalavisa kan lage meir levande bilde, seier Henden.

– Samarbeidet med Fjordenes Tidende betyr også at vi kvar veke skal annonsere for dei meir enn 150 kampane som senior- og aldersbestemte lag i Måløy FK, Skavøypoll Fotball og Tornado FK skal spele denne sesongen. Det håpar vi vil bidra til fleire tilskodarar og ei endå betre ramme rundt kampane i ungdoms- og barnefotballen i ytre Nordfjord, seier Kvalheim.