Optimist, trass «den vanskelegaste sesongstarten eg har hatt i mi karriere»

– Eg kan aldri hugse at eg har gått ti kampar på rad utan å vinne før

Med null sigrar, fire strake tap og flest baklengsmål i ligaen har Peter Orry Larsen (31) og hans nyopprykte Aalesunds FK fått ein brutal start på årets sesong i Eliteserien.

Heimebane: Orry Larsen både håpar og trur at det kan bli spel i Eliteserien på Color Line Stadion neste sesong.  Foto: Privat

Sport

– Ja, eg er ganske sikker på at det er den vanskelegaste sesongstarten eg har hatt i mi karriere. Eg kan aldri hugse at eg har gått ti kampar på rad utan å vinne før, uttaler «polljaren» som er blitt ein erfaren profil i Eliteserien etter at han forlot moderklubben Skavøypoll IL i 2007.