Magnus, Øyvind og Sondre fekk spele med Norges aller beste spelar i si første discgolf-turnering

Dei tre nyaste medlemmane i Måløy Disc Golf, Magnus Garnes, Øyvind Vågen og Sondre Gangsøy, begynte å kaste i august. Allereie 3. oktober var dei med på si første turnering, Volda Open.

Dei tre nyaste medlemmane i Måløy Disc Golf, Magnus Garnes, Øyvind Vågen og Sondre Gangsøy, begynte å kaste i august, og allereie 3. oktober var dei med på si første turnering, Volda Open. Her hele gjengen som drog på turnering, med leiar Trond Myrestrand bak til høgre.   Foto: privat

Sport

– Dei nye juniorspelarane våre klarte seg kjempebra. Dei hamna sjølvsagt ganske langt nede i den divisjonen dei speler i, men dei varta jammen opp med mange fantastiske kast. Dei fekk mykje skryt då folk fann ut at dei berre hadde spelt sidan august, seier leiar i Måløy Disc Golf, Trond Myrestrand.