Inviterer til fotballfest

Helga 6. – og 7. februar blir kvalifiseringsspelet for den tradisjonsrike KM-turneringa i futsal arrangert for dei aldersbestemte klassane.

  Foto: Stig Høynes

Sport

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane og NFF Sogn og Fjordane som ønskjer velkommen til KM futsal-kvalifisering for aldersbestemte klassar.

Lag med spelarar frå alderen 13 til 19 er invitert til å delta.

Kvalifiseringsspelet vil gå av stabelen i Stryn i Nordfjord, i Florø og Askvoll i Sunnfjord, og i Sogndal og Leikanger i Sogn.

Dei beste laga frå kvalifiseringsspelet går vidare til sluttspelet som blir arrangert i Trivselshallen på Sandane, laurdag 6. – og søndag 7. mars.