Slo i gang sesongen: Refvik og Kvernevik til topps i årets første turnering

Søndag var det offisiell start på sesongen på golfbana i Selje. Totalt seks par deltok i turneringa - alle medlemmar i Selje Golfklubb. 

Joachim Refvik og Aleksander Kvernevik stakk av med sigeren under årets første turnering på golfbana i Selje. Dei spelte til 48 poeng.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

Etter to gonger ni hol vart det veldig jamt i toppen, og det heile måtte til slutt avgjerast på handikap der Joachim Refvik og Aleksander Kvernevik trekte det lengste strået.