Blir nødt til å avlyse fjelløpet også i år

– Vi ser fram til på ny å kunne vidareføre vår 13 år lange tradisjon med å arrangere Stadlandet rett vest i 2022. Og ønsker då alle hjarteleg velkommen etter to års koronapause.  Foto: Fjordenes Tidende

Sport

– Stadlandet idrettslag må dessverre avlyse årets fjelltrimløp som skulle ha blitt arrangert 29. mai, skriv styret i Stadlandet Idrettslag som arrangerer det spektakulære fjelløpet Stadlandet Rett Vest.

Grunnen er koronasituasjonen som framleis framstår som uavklart.

– Ja, det er grunna usikkerheita om situasjonen og dei avgrensingane nasjonale føringar set for denne type store arrangement, seier Lars Helge Honningsvåg.

Han seier dei gler seg til normalen er tilbake.

– Vi ser fram til på ny å kunne vidareføre vår 13 år lange tradisjon med å arrangere Stadlandet rett vest i 2022. Og ønsker då alle hjarteleg velkommen etter to års koronapause.