Her kan du sjå «kampen om Nordfjord» i opptak

Det er duka for storoppgjer på Skavøypoll stadion når Måløy tar imot tabelleiar Eid til Nordfjord-derby. Sjølv om det er første sesong som Måløy FK har det tradisjonelt sett vore eit heftig oppgjer når bøndene frå aust møter fiskarane i vest.
Sport

Gjestane frå Nordfjordeid står så langt utan tap i årets sesong. Fire strake sigrar og 12–2 i målforskjell viser at det er eit lag i form som tar turen til ytre.