Matros med søvnmangel sigra som kaptein i ellevilt oppgjer

FOTBALL: (Sogndal 3/Fjøra 2 – Selje 2-3) Mykje kan påverke ein fotballkamp. At kapteinen på laget jobbar turnus er ein av tinga. Men det enda likevel med siger for Selje i Sogndal tysdag kveld.

Kaptein: Selje-kaptein Jonas Beitvet omtalar kamapen i Sogn som ein av dei villaste på lang tid. Ikkje nødvendigvis fordi det vart så stor uttelling, men heller på grunn av det motsette.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sport

Kampen var lagets femte for sesongen, men berre den andre for kaptein Jonas Beitveit. Som matros fire veker i slengen er det fleire kampar i året han må stå over. Til gjengjeld gjer han det som står i hans makt når eit oppgjer er innan rekkevidde.