Fleire av spelarane måtte spele to kampar på rad – då vart det tungt mot rivalane

Det unge Eid 2-laget har tidvis imponert i årets 5. divisjon. Med solide sigrar mot mellom anna Florø 2 og Selje har det vore lovande takter å spore i laget. Søndag møtte dei likevel sine overmenn då rivalane Stryn 2 kom på besøk til Nordfjordeid.

Tap: Stryn 2 stilte med fleire spelarar frå førstelaget, noko som gjorde søndagens kamp vankeleg for rekruttane på Eid 2. Når det i tillegg var fleire som hadde vore innom førstelaget sin kamp tidlegare på dagen, vart det om mogleg enda vanskelegare.  Foto: Stig Høynes

Sport

På bakgrunn av dei gode resultata tidlegare i sesongen, og med Stryn 2 sin plassering på tabellen, var det fleire som tenkte at rekruttane i gult skulle ta tre nye poeng. Men sjukdom og spelarmangel gjorde at dette ikkje vart den festkvelden som ein hadde sett for seg.