Håpet lever i Bremanger: Men mykje må klaffe neste helg

Bremanger tok laurdag ein svært viktig siger heime mot Dale. Dei tre poenga gir laget eit godt utgangspunkt før returoppgjeret neste helg der samanlagtvinnaren er sikra vidare spel i Kretsligaen.

Spelande Bremanger-trenar Tore Rylandsholm.  Foto: Stig Høynes

Sport

– Det var ikkje ein kanonkamp, men ein kamp med få sjansar til begge lag. Men vi har mest trykk og vinn fordi vi er betre organisert enn Dale. Vi har sidan Førde-kampen fått orden på strukturen i laget, og spelar med meir tryggleik og ro, seier Bremanger-trenar Tore Rylandsholm.