Då inviterte nemleg klubben til sitt årlege nyttårsshow der medlemmar i alle aldrar fekk vise kva dei har øvd på gjennom fjoråret.

Fire av desse var Pernille Solvang Hauge, Simianne Silden, Lisa Wik Weltzien og Sofie Sandal.

– Vi har kanskje litt nervar, men det går over når vi først kjem i gang, seier Pernille då vi møter dei rett før dei skulle i elden.

Då dei til slutt kom i aksjon gjekk det veldig bra. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Vi prøver berre å tenke på som ei heilt vanleg trening, ja bortsett frå at det er mykje publikum då, seier Simianne.

MIL Cheer består av totalt åtte ulike grupper, eller nivå om ein vil. Dei aller yngste startar i gruppa Rainbows, før det går steg for steg oppover til dei aller beste, i gruppa Madness.

Dei yngste i klassa Rainbows var først i aksjon. Foto: Bjørn Erik Drabløs

6.-klassingane vi møter er ein del av gruppa Thunders, som består av seksten jenter på nivå fire.

– Så vi drøymer om å bli så gode at vi blir ein del av Madness ein gang. Det er berre dei som kan vere med i konkurransar, forklarar jentene.

Sjølv om det enno er nokre år til, har det allereie begynt å sikte seg inn mot toppen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Frå 6 til 60 år

Det var i 2022, medan pandemien framleis herja, at det som tidlegare var kjent som MIL Turn blei revitalisert for å satse på sjangeren cheerdance. Den gang var talet på medlemmar 46, mot over 170 i dag.

– Etter omprofileringa blei det ei fantastisk oppslutning med tanke på medlemmar og interessa rundt, seier Hans Ole Svarstad, styreleiar i MIL Cheer.

Svarstad fortel om ein eksplosiv vekst etter at dei omstrukturerte klubben. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Denne interessa merka dei også då dei lanserte det siste tilbodet i klubben, nemleg gruppa Fearless, ei gruppe for dei over 25 år.

– Då tok det jo verkeleg av, seier han.

Dei tre som har ansvaret der er trenarane Vilde Myhre Skavøypoll, Lone Myhre Skavøypoll og Stine Bøe.

Trenarane Stine Bøe, Lone Myhre Skavøypoll og Vilde Myhre Skavøypoll seier at det nye tilbodet har tatt av. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Og at det har tatt av kan dei skrive under på.

– Vi er heile 53 aktive frå 25–60 år. Det er fantastisk kjekt, og vi merkar at dei som er med set pris på tilbodet. For dei vaksne er det eit viktig avbrekk i kvardagen som er veldig sosialt, fortel dei.

Gruppa Fearless fekk mykje applaus då dei gjekk på golvet som siste gruppe. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Fekk akkurat på plass dei nye draktene

Det er altså ein relativt ny klubb om ein berre ser på åra etter at dei omstrukturerte. Men det betyr ikkje at ein ikkje skal ta seg godt ut når ein først inviterer til show.

– Vi har lenge hatt ein draum om å få tak i skikkelege cheer-drakter, seier styreleiar Svarstad.

Draktene er spesialbestilt frå USA og kom akkurat fram i tide til showet. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– I november bestilte vi derfor heilt nye drakter, spesialbestilt frå USA. Vi hadde jo eit håp om at dei skulle kome i tide til nyttårsshowet, men med åtte til ti veker leveringstid var vi ikkje heilt sikre. Men for berre fire dagar sidan kom dei med posten, så det var veldig kjekt, seier han.

Har ventelister

At dei altså har firedobla talet på medlemmar på to år betyr ikkje at dei har nådd eit tak. Suksessen er det nemleg lang fleire enn dei som dei har plass til som ønsker å vere ein del av.

Det er allereie blitt trongt om plassen i klubben. Stadig fleire ønsker nemleg å bli medlem. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– I nokre av gruppene er det heilt fullt. Det er jo eit luksusproblem eigentleg, seier Svarstad.

– Så vi kjem til å prøve å fylle på med fleire instruktørar etter kvart som vi håper gjer at fleire kan bli med. Men den store utfordringa handlar eigentleg om kapasitet. I denne sporten treng ein litt rom rundt seg, så det er allereie fullt der vi er no, seier han.

For å få plass til alle nyttar dei seg av fleirbrukshallen når det show. Til vanleg trenar dei eldste i turnhallen og dei yngste i gymsalen på Vågsøy ungdomsskule. Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Bjørn Erik Drabløs
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen
Foto: Thomas Hagen