– Å ha sin eigen hest er draumen, smiler Mathias medan han børstar og steller Dragelijenta, ein hest han har på lån i Stall Os på Nordfjordeid.

Dragelijenta, som også går under namnet Jenta eller DJ, er ein 20 år gammal fjording, og det er fjording som står øvst på ønskelista til tolvåringen.

– Dei er veldig stødige i terrenget og er nesten alltid med på det du vil. Fjordingane seier ikkje nei til å vere med på tur. Dei er gode kameratar, seier Mathias.

Her får Jenta godt stell og børsting før ho skal ut. Foto: Marianne S. Rotihaug

Sparar til hest

Men hest er dyrt. Mathias reknar med han må spare rundt 60.000 kroner før draumen om eigen hest kan bli oppfylt. Difor jobbar han mellom anna som stallgut ved Stall Os. Det er også der han passar hestar for andre.

Og alle pengane han tener blir spart.

– Det dyraste er ikkje å kjøpe hesten, men å ha den. Ein må betale for stallplass, sko, tannbehandling, fôr og det kan bli dyrt om hesten blir skada og må til veterinær. Og så krev det mykje tid å ha hest.

Mathias har mange oppgåver som stallgut ved Stall Os. Foto: Marianne S. Rotihaug

Store dyr

Mathias veit allereie veldig mykje meir om hest enn mange andre. Han starta å interessere seg for dyra allereie då han var sju-åtte år.

– Då sa eg til mamma at eg ville prøve å ri, og så gjorde eg det. Så begynte eg på ein guteklubb i hestemiljøet der vi var i stallen og på turar. Etter det begynte eg å ta ridetimar.

Her står mamma Kine Guldahl og Mathias saman med Dragelijenta, som dei kjenner godt. Foto: Marianne S. Rotihaug

Mamma, Kine Guldahl, reid sjølv då ho var lita, og har i seinare tid gått på nokre vaksenkurs for å kunne ta del i interessa til sonen.

– Det er veldig kjekt at han vil halde på. Enda må eg vere med, for han er litt for liten til å vere ute å ri aleine. Det er store dyr.

Og at det er store dyr kan få mammahjartet til å banke litt ekstra raskt og nervøst nokre gonger.

– Mammahjartet er heilt oppe i halsen av og til. Han har vore ute og ridd på store hestar, 1,8 meter i mankehøgde, og då kjenner ein på det.

Mammahjartet til Kine Guldahl bankar litt ekstra hardt og nervøst når Mathias handterer dei største hestane. Her hesten Piratos. Foto: privat
Men tolvåringen har kontroll. Her er Mathias saman med Harley. Foto: privat

Vil få med fleire gutar

Mathias er medlem i Eid ride- og køyreklubb. Han og mamma Kine skryt av hestemiljøet på Nordfjordeid, men skulle gjerne sett at der var fleire gutar og menn.

– Det er litt rart at det ikkje er fleire. Før i gamle dagar på hingsteutstilling, så var det jo berre menn, seier Mathias.

– Vi vil jo gjerne ha med fleire, sik at vi kanskje kan ha aktivitetar spesielt retta mot gutar, legg Kine til.

Jakka til Mathias passar godt å gå med i stallen. Det er Agate Henden Hjelle som har laga teikninga på ryggen. Foto: Marianne S. Rotihaug

Og at hestesporten er kvinnedominert fører også til nokre utfordringar.

– Det er vanskeleg å finne utstyr. Der er enormt mange nettsider som sel utstyr, men sidan det er så kvinnedominert kan det vere vanskeleg å finne både sko, utstyr og trøyer som ikkje er så feminine, seier Kine.

– Det kan også vere vanskeleg å finne ridestøvlar og bukser som passar, legg Mathias til.

Men sjølv om det er nokre utfordringar på vegen, så er dei veldig glade i miljøet i stallane rundt om på Nordfjordeid.

– Her er mange fine stallar og eit godt miljø. Både i Stall Os og på fjordhestsenteret er dei veldig inkluderande.

– Og det er ein veldig fin hobby. Eg anbefaler det veldig til andre, seier Mathias.

Stall Os ligg flott til nær sentrum på Nordfjordeid. Stallen er eigd av Ingar Os. Foto: Marianne S. Rotihaug

– Riding er det kjekkaste

No er Jenta ferdig børsta og stelt, og kan endeleg få kome ut. Mathias løyser ho og tar på taumen før han leier fjordingen ut av stallen.

– Riding er det kjekkaste, børstinga er det koselegaste og å fjerne møkka er det ein må gjere, smiler Mathias på veg ut av stallen.

Her er Mathias og Jenta på veg mot innhegninga. Foto: Marianne S. Rotihaug
Og det vart gjensynsglede for Jenta og sonen. Foto: Marianne S. Rotihaug

Men han snakkar også med hestane han tar seg av.

– Ein treng eigentleg ikkje å seie så mykje. Det du føler inne i deg, det forstår hesten.

Riding er det kjekkaste. Her er Mathias på tur med Jenta. Foto: privat