Etter at dommaren blåste av kampen kunne stryningane gå av bana med ein komfortabel 5-2 siger.

Det var også heimelaget som kom best i gang. Etter to spelte minutt på Stryn stadion sørgja Vegard Hopland for at oktoberfesten starta tidleg. Hopland var aleine med keeper og sette ballen sikkert i mål.

Polljen kom meir inn i kampen etter utlikninga, og etter 23 spelte minutt sørgja Børge Yndestad for at vågsøyæringane gjekk opp i leiinga mot tabelltoaren. Målet kom etter eit stolpeskot som gjekk i ryggen til heimelaget sin keeper. Ballen spratt ned på streken og der stod Yndestad heilt aleine.

Før dommaren blåste av første omgang var det sjansar til begge lag, men ingen fekk utteljing.

15 minutt ut i andre omgang kom heimescoring nummer to. Jon Terje Tjellaug noterte seg nettkjenninga etter ei pasning frå toppscoraren Mads Wie.

Fem minutt seinare var det Wie sjølv som sette ballen i gjestane sitt mål. Same mann sørga for 4-2 etter 77 speleminutt.

Det var også Wie som fastsette sluttresultatet 5-2.

TMFK sitt damelag måtte i kveld sjå seg slått av Sogndal. Sogningane scora fem gongar, medan blåtrøyene berre fekk ei nettkjenning på Fosshaugane.

Tornado Måløy gjekk ut lågt og prøvde å få inn nokre kontringar. Men sogningane scora allereie etter 14 minutt. Fire minutt seinare dobla dei leiinga.

I det 28. speleminuttet reduserte Synnøve Myhre Revik på eit straffespark. Heimelaget fekk nok ei scoring før pause, og TMFK gjekk til pause på stillinga 3-1.

Blåtrøyene spelte godt i periodar, men det hindra ikkje sogningane å score to mål til i andre omgang.