Vi meiner dette vil styrke dekninga av lokalfotballen. For ved å generere opp til 400 kampreferat frå aldersbestemt fotball og oppover til seniorklassane, vil avisa kunne tilby lesarane ei langt meir omfattande rapportering enn tidlegare.

Roboten brukar data frå fotballen sitt informasjonssystem (FIKS) til å lage referat basert på informasjonen som er lagt inn av trenarar og lagleiarar.

– Det betyr at jo meir informasjon dei ulike laga legg inn om kampane sine, jo betre blir kampreferata som vår nye robotjournalist lagar. Dette gir ikkje berre lesarane fersk informasjon, men også omfattande og svært god og kvalitetssikra faktainformasjon om dei fleste lokale kampar, seier journalist Bjørn Erik Drabløs.

Fjordenes Tidende har allereie bilde av mange lag, men nokre av desse treng nok oppdatering. Så om klubbar, trenarar og andre der ute har gode bilde av sine lag, kan dei sende dette til fjt@fjt.no, så inkluderer vi gjerne dette i kampreferata.

– Vi ønsker oss flest mogleg lagbilde frå flest mogleg lag. Då vil det også bli betre moglegheiter for at nettopp ditt lag dukkar opp på fronten på fjt.no, seier Drabløs.

Meir tid til å finne gode saker

Andre aviser som med hell har tatt i bruk denne roboten er mellom anna Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen og Sunnmørsposten.

No er det altså Fjordenes Tidende sin tur. Klubbane som dermed får dekning er:

  • Måløy

  • Tornado

  • Skavøypoll

  • Selje

  • Stadlandet

  • Flatraket

  • Bremanger

  • Svelgen

  • Eid

  • Haugen

  • Heia

Fjordenes Tidende si dekning av lokalfotballen vil sjølvsagt innehalde mykje meir enn dette, som for eksempel breitt anlagte reportasjar, bildeseriar, podkastar, kampanalyser, film og video. Men det redaktør Dag H. Nestegard spesielt håpar på at fotballroboten kan vere med på, er å engasjere eit endå breiare publikum for lokalfotballen i regionen.

– Vi veit kor viktig lokalfotballen er for våre lesarar. Samtidig er det ressurskrevjande for ein liten redaksjon å følge opp alt av kampar med så mange lag som blomstrar og gjer ein god innsats. Når fotballroboten hjelper oss med dei korte faktabaserte referata, får vi tid til å lage andre saker i andre format der vi kan gå meir i djupna på folka i fotballen, altså klubbar, lag, spelarar, heiagjengen og alle dei frivillige. Alle som er viktige for å få ballen til å rulle, seier Nestegard.

«Lokalfotballen» kjem til å følge dei same reglane som er lagt inn i FIKS. Det betyr at spelarar som av ulike årsaker ikkje skal vere synlege, heller ikkje blir det i kampreferata.