Måløyjenta Ylinn Tennebø imponerte, og blei kåra til banens beste spelar då ho og resten av jentene på Kaupanger spelte finale i årets Dana Cup.

- Det var sjølvsagt veldig kjekt å bli kåra til beste spelar, men heile laget var kjempegode, seier Tennebø om utmerkinga.

Dei to måla i finala blei scora av Miriam Vilnes Mjåseth frå Atløy. Eitt rett før pause, og enda eitt drøye kvarteret ut i 2. omgang etter at Ylinn Tennebø slo eit frispark som Mjåseth fekk plassert lavt ned i lengste hjørnet.

Tennebø er godt nøgd både med eigen innsats og turneringa sett under eitt.

- Det gjekk veldig bra, og eg er nøgd, seier ho.

Dana Cup er det største sportsarrangementet i Danmark, og den tredje største fotballturneringa i verda, og gjekk i år av stabelen for 35. gong.

Måløyjenta seier det er kjekt å spele for Kaupanger, og legg til at ho er blitt veldig godt motteken i sin nye klubb.

- Det har vore veldig kjekt å vere med denne veka her. No gler eg meg til hausten, og til å spele der for fullt, avsluttar ho.

Den komande veka er Tennebø klar for Norway Cup saman med jentelaget til TMFK.