– Vi hadde gode kampar på Løvold i fjor, og vi håpar at vi kan ta med oss dei opplevingane framover til kampane som kjem. Vi er gode på gras, og spesielt vi åheimarane på laget er kjende med underlaget. Vi håpar å ta med oss lukka frå i fjor, seier spelar Fredrik Hovdevik.
Dei to første heimekampane, som har blitt spelt på Stadlandet stadion, der det er kunstgras, har enda med tap. Det har også bortekampane mot Gjerdsvika/Larsnes/Gursken og Hødd3.
Og i heimekampen mot Åmdal fredag fekk samarbeidslaget det tungt frå start.
Tar med seg det kollektive arbeidet vidare (+)
– Vi slapp inn to mål ganske tidleg i kampen. Det første målet var litt slurvete, men dei var best i første omgang. Men det skjedde noko med laget i andre omgangen. Vi spelte best heilt til dei ti siste minutta, samanfattar Hovdevik.
Scora sitt første og siste på «kunsten»
Under kampen mot Åmdal fekk Åheim/Stadlandet-keeper Sverre Leikanger ein smell i kneet. Leikanger seier det mest sannsynleg dreier som om menisken og han har som følge av dette valt å legge fotballskoa på hylla. Kven som skal erstatte keeperen i er ikkje bestemt.
KAMPFAKTA
6. divisjon, menn
Åheim/Stadlandet – Åmdal 0–5 (0–2)
Dommar: Taher Tamimi, Ørsta
Gult kort: eit til Åheim/Stadlandet, samt eit til Åmdal