FOTBALL (Skavøypoll – Årdal 4-0): Håvard Hagen vart den store helten då han gjorde eit hat-trick i løpet av dei første 30 minutta på Skavøypoll stadion laurdag.
God utteljing: Håvard Hagen (i midten) er heime på ferie, og har bidratt på dei to siste kampane til Skavøypoll. I oppgjeret mot Årdal laurdag vart det god utteljing for sommarvikaren. I løpet av ein halvtime scora stopparen tre mål etter dødballar. Her blir scoring nummer ein feira saman med lagkameratane Markus Tvendeseter Kupen (t.v.) og Tor-Erik Tvendeseter Kupen. Foto: Marianne S. Rotihaug
Foto: Marianne S. Rotihaug