Først ut er Måløy som spelar kamp laurdag. Sist helg klarte laget berre uavgjort mot botnlaget Jølster, og står etter denne kampen med elleve poeng, tre poeng meir enn Jølster på sisteplass når det står att fem runder i Kretsligaen. Denne helga er det Høyang på bortebane som er utfordrar for Måløy. Laget ligg på ein sjetteplass på tabellen med 19 poeng, og skal – på ein god dag – vere moglege å slå.

Denne kampen har avspark klokka 14.00. På grunn av mangel på personell til å streame, vil kampen dessverre ikkje bli vist på fjt.no. Følg med i sportsstudioet vårt.

Ein time etter avspark i Sogn er det Bremanger sin tur å spele om viktige poeng i den same divisjonen. Dei tek imot Fjøra heime på Hauge, og vil med siger vere enda nærare å sikre plassen i Kretsligaen. Bremanger ligg i dag på ein åttandeplass på tabellen med 16 poeng. Helgas motstandar, Fjøra, ligg på tredjeplass med 39 poeng.

Søndag er det to kampar. Først ut er Selje som reiser til Luster i Sogn for å møte samarbeidslaget Bjørn/Fanaråk til kamp i 5.-divisjon. Sogningane ligg i dag på ein nest sisteplass på tabellen med ni poeng, og skal i utgangspunktet vere ein grei match mot seljeværingane. Men den lange turen sørover har bidrege til større under enn at laget frå kysten kan klare å rote bort poeng.

Siste kamp søndag er mellom Sogndal 2 og Eid i Kretsligaen. Med tre poeng der vil Eid snike seg forbi sogningane og kome inn på ein foreløpig pallplass på tabellen. Og om Bremanger i tillegg tar poeng mot Fjøra, kan gultrøyene ta andreplassen bak tabelleiar Årdal etter denne runden. Eid har til info ikkje tapt på ti kampar. Sist dette skjedde var mot nettopp Sogndal 2 30. mai.