FOTBALL (G14 Tornado Måløy - Hareid 0-2): Tornado Måløy tapte 0-5 for Hareid i Seljecupen tidligare i sommar og visste at det blei tøft i kvartfinalen i Norway Cup torsdag kveld.

Hareid blei eit par nummer for sterke for TMFK som likevel kan reise heim med hovudet heva etter ei praktfull fotballveke i hovedstaden.

Stolt gjeng

Det var ein stolt gjeng som gjekk av bana etter kampen mot Hareid i kvartfinalen i 7'er-fotball på Ekebergsletta. Kaptein og sisteskanse Berge Andal var ein av dei.

- Hareid er eit veldig bra lag, og vi gjorde det vi kunne, seier Berge. Norway Cup har vore ei stor oppleving for spelarane på TMFK.

- Det har gått mykje betre enn det vi håpa på. Dagen i dag har vore rein bonus, seier Berge etter dei to finalekampane Tornado Måløy fekk med seg torsdag.

Har skapt historie

Tornado Måløy har aldri kome så langt i Norway Cup nokon gong som i 2015, og det er spelarane forståelig nok stolte av.

- Det er veldig kult å få være med på, og eg trur nok at vi skal klare å kome til finalen ein eller annan gong også, seier Berge. For Jonas Våge som har dusinet fullt i målprotokollen, har dette også vore ein fantastisk opplevelse.

- Vi trudde vi skulle komme oss forbi gruppespelet, med det er veldig kjekt å kome så langt som dette, seier Jonas etter strålande spel og heile 12 mål i årets Norway Cup.