– Dette betyr utruleg mykje. Det er eit vesentleg bidrag økonomisk, og så er det ein fantastisk motivasjon, seier Jørgen Blålid, som er leiar for prosjektet, og legg til:

– Å få i gang eit slikt prosjekt er ikkje enkelt, for vi stille i grunn på null. Men vi har fått tilsegn om mykje pengar og dette bidraget er veldig viktig. Det blir lettare og lettare å skaffe pengar jo fleire som viser at prosjektet er viktig ved at dei er med å bidrege. Eg trur det var viktig for Sparebanken Sogn og Fjordane å sjå at blant anna kommunen var med å støtte prosjektet vårt.

– Eg synest dette er eit fantastisk prosjekt for heile kommunen. Dette er noko mange kan bruke, både barn og unge og vaksne. Det er fantastisk at her er slike eldsjeler. Når vi skal dele ut pengar ser vi etter slike gode prosjekt som kan famne om fleire grupper, som har stor betydning for lokalmiljøet og prosjekt som har varig verdi. Denne turløypa oppfyller mange av desse kriteria, seier Sissel Wik i Sparebanken Sogn og Fjordane, som delte ut sjekken frå Sparebankstiftinga.

Dei 200.000 kronene skal ifølge Blålid gå inn i første byggetrinn, som gruppa satsar på å starte i august.

– Vi har grunneigarløyve til å bygge inn til Dalsneset og over til storsenteret. Når alt det formelle er i orden, så er vi klar til å levere byggesøknad før ferien, slik at vi kan starte gravearbeidet over ferien. Då er det pengane vi har på konto som er avgjerande for kor langt vi kjem, seier han, og fortset:

– Hovudfokuset no er å få starta vegbygginga inn til Dalsneset. Vi klarer ikkje å bygge alt på ein gong, så vi bygger etappe for etappe så langt vi har pengar til.

Tur- og friluftsgruppa søker midlar der det er mogleg, og håpar at fleire ser viktigheita av prosjektet deira.

– Vi håpar vi skal vere kvalifiserte for ein søknad om tippemidlar innan 1. november, og då vil vi vere i posisjon til ein million kroner, forklarar Blålid.