Mathias Vik Liseth har på berre to år gått frå å vere heilt fersk i sporten til å bli ein av dei beste i si klasse i Sogn og Fjordane. Foto: Bjørn Erik Drabløs

På to år har Mathias (15) blitt best i fylket – no drøymer han om ein kongeleg tittel

Juniorskyttar Mathias Vik Liseth (15) frå Selje kan sjå tilbake på ein vinter med åtte av ti sigrar i ulike konkurransar i si klasse. Det er berre er to år sidan han skaut sitt første skot då han var 13.