I helga deltok ho i NM for fjordhest i Sunnfjord.

– Eg synest det gjekk ganske greitt eigentleg. Eg er veldig nøgd med det eg og hesten min fekk til, fortel Løken-Nesthun.

Stort å delta

Noregsmeisterskapen er ei stor hending for ryttarane frå Eid Ride- og Køyreklubb og ein må kvalifisere seg gjennom deltaking på ulike ride- og køyrestemner i forkant.

– Så ein må planlegge i god tid og delta på kvalifiseringsstemne for å bli god nok til å kunne vere med. Det krev litt.

Sjølv pleier ho å konkurrere innan dressur, sprang og køyring.

– Akkurat no synest eg køyring er det kjekkaste og det synest jo hesten også, så det er ein god match, smiler ho.

Fleire medlemmar i klubben var også med på NM.

Fekk det inn med morsmjølka

– Eg har drive med hest eigentleg heile livet og har vore med mamma i stallen heilt frå eg var baby.

Ho fekk sin første hest då ho var seks år gammal. Det var ein liten shetlandsponni.

– Det var vel då eg begynte å ri på ordentleg, seier Løken-Nesthun.

Aurora har konkurrert i to år med hesten sin. Foto: Ingvild N. Sveen

Då ho var 12 år konkurrerte ho på sitt første stemne. Sidan har ho trent flittig til dei kommande konkurransane.

– Eg har ridd litt ulike hestar. Den eg har konkurrert med har eg hatt no i to år. Eg har konkurrert aktivt saman med ho.

I ridesporten må ho jobbe og trene med hesten like mykje som ho må jobbe med seg sjølv. Og det er ikkje alltid det er like lett å få hesten til å gjere det ho ønsker.

– Det er ein utfordrande sport så når det først går bra og når ein får til det ein har trent på er det utruleg kjekt.

Heiar på kvarandre

Løken-Nesthun er ein del av Eid Ride- og Køyreklubb på Nordfjordeid.

– Det er veldig sosialt og vi har ein veldig fin klubb der alle støttar kvarandre og heiar på kvarandre. Det er veldig kjekt, fortel ho.

Framover skal ho trene og vere med på det som blir arrangert av stemne og konkurransar. Og målet er å vere med på NM igjen neste år då det skal vere i Trøndelag.

– Eg har som regel mål om å berre prestere så godt eg kan og få vist fram det eg og hesten har trent på. I køyring og sprang så er det å vere feilfri som er det store målet. Då veit eg at eg har gjort ein god jobb.