Først ut er Eid sitt lag i 3. divisjon som tek imot Bjørn heime på Eid stadion laurdag ettermiddag. Førre helg tapte laget 5–0 mot rivalen Sandane. Dei har nok derfor ei målsetning om å ta nokre steg på prestasjonsstigen når laget frå Gaupne kjem på besøk til bygda i Nordfjord.

Etter dette ventar det to kampar i Kretsligaen, Måløy mot Stryn og Eid mot Bremanger.

Førstnemnde lag møttest sist i vårsesongen 6. mai, då det vart det ein solid 5–0-siger til laget i raudt. Stryn ligg i dag på ein femteplass på tabellen, og møter nok eit heiltent Måløy-lag som har mykje å revansjere etter det sure 7–1-tapet mot Fjøra førre helg. Før denne kampen ligg Måløy på ein niandeplass på tabellen.

Kampen kan du sjå direkte på fjt.no frå klokka 15.55 laurdag.

Parallelt med denne møtes to andre Nordfjord-lag, Eid og Bremanger på Eid stadion. Helgas vertar i gult gjorde ein god figur førre helg då dei klarte å ta poeng mot serieleiaren Årdal i Sogn. Bremanger på si side klarte «berre» uavgjort 1–1 mot botnlaget Jølster. Det er derfor ikkje å ta i at ein kan forvente at heimelaget er favorittar før laurdagens oppgjer.

Første kamp ut søndag er mellom samarbeidslaget Åheim/Selje og Stranda i 4. divisjon. I det førre oppgjeret mellom laga heime på Selje idrettspark vart det heile 8–1 til damene i kvitt. Om det blir like store siffer den gangen står att å sjå, for med fleire sentrale spelarar borte, kan det bli ein tøffare haust- enn vårsesong for laget som tronar øvst på tabellen.

Etter dette er det karane får Selje sin tur. Dei reiser til Sunnfjord for å møte laget som ligg nest øvst på tabellen i 5. divisjon, nemleg Dale. Etter ein litt ujamn start på vårsesongen har Selje no spelt fire kampar på rad utan tap, sist då dei slo Syril 3–2 heime på Selje idrettspark. Om det også blir siger mot søndagens motstandar Dale, vil laget har 22 poeng, berre tre poeng bak helgas motstandar og dermed snike seg nærare laga på toppen av tabellen.