– Første kampen tapte vi 4–1 mot eit lag vi var heilt på høgde med. Gutane jobba godt og spelte god fotball, seier Vibeke Kjerpeseth.

– Møtte ein tøff motstandar

Andre kamp var laget ikkje så på hogget som i første kamp.

– Vi var heldige som berre låg under 2–0 til pause. Laget var ikkje så mykje betre enn oss, men vi var ikkje på bana for å vinne. Og tredje kamp var mot ein tøff motstandar frå Molde, seier ho og legg til:

– Målet var å spele fotball og ikkje få for mange baklengs. Til pause låg vi under 4-0, etter ein god andre omgang enda kampen med tap 6–0.

Svelgen-laget hadde spelt tre kampar før tysdag. Foto: Thomas Sætren

– Full fart

Både gutane, trenarar og føresette kosar seg i Oslo og har fått med seg mykje.

– Vi har vore på opningsshow, vandra på Ekebergsletta, vore på shopping i sentrum og bada på Frognerbadet.

I tillegg opplever gutane mykje på skulen der dei bur saman med ungdom frå mange andre lag.

– Det er full fart på skulen saman med andre lag, smiler Kjerpeseth.

Her er fotball-laget i Frognerbadet. Foto: Thomas Sætren
Det er aktive dagar på Ekebergsletta. Foto: Thomas Sætren
Norway Cup betyr mange fotballkampar. Foto: Thomas Sætren
Dei var på opningsshowet og har shoppa i sentrum. Foto: Thomas Sætren
Tysdag ettermiddag speler dei sin fjerde kamp. Foto: Thomas Sætren