Skavøypoll Drilltropp deltok i Midtnorsk meisterskap i drill i Ålesund laurdag.

Åtte jenter frå troppa, alle mellom ni og tolv år gamle, tok turen til Ålesund saman med ei gruppe foreldre.

– Dette er den første konkurransen jentene har vore med på, så det er ei ny og spennande erfaring for alle saman, seier Gro Anita Nødset som var med i foreldregruppa.

Det var 12 drilltroppar som deltok i meisterskapen, med 164 unike startnummer, sidan drilljentene konkurrerte i fleire ulike øvingar.

– Mange av deltakarane dansa solo, med éin eller to drillstavar. Og så var det konkurranse i duettar, der to jenter opptrer saman, seier Nødset til Fjordenes Tidende.

I fellesprogrammet enda troppen fra Skavøypoll Drill på fjerde plass i ein pulje av fire lag.

– Troppane frå Ålesundsområdet har nok garantert meir enn ein time trening i veka, som vi har. Men vi er like blide! Jentene har kosa seg, seier Gro Anita Nødset, og held fram:

– Når vi etterkvart skal ta opp nye aspirantar i troppen, så kan elevar frå alle skulekrinsane, ikkje berre Skavøypoll, søke om plass.

Det var innmarsj for alle dei tolv drilltroppane som var med. Foto: Privat
Her er troppen frå Skavøypoll Drill samla i fellesprogrammet sitt. Foto: Privat
Foto: Privat
Det var totalt 164 startnummer fordelt på dei tolv troppane. Foto: Privat
Lisa Wik Weltzien, Pernille Solvang Hauge, Fride Venøy Kvalheim og Sofie Sandal deltok med duettar. Med felles startnummer 136 enda Pernille Sovang Hauge og Lisa Wik Weltzien (t.v.) på ein andreplass av fire i pulja si. Her er det utdeling av medaljar. Foto: Privat
Fornøgde med andreplassen sin! F.v. Pernille Solvang Hauge og Lisa Wik Weltzien. Foto: Privat
Florø Drill hadde også tatt turen til Ålesund (i rosa/lilla drakter på bildet) Foto: Privat
Foto: privat
Foto: privat
Duettane krev god koordinering og samspel. Foto: privat
Foto: privat
Foto: privat
Her står trenarane i Skavøypoll Drill, Emma Pettersen Årdal (f.v.) og Ellie Martine Longva utanfor Blindheimshallen der konkurransen blei halden. – Jentene har storkosa seg sjølv om det blei ein lang dag, seier Longva. Foto: Privat