Ferietips i Norges vakraste region

Sjå dei unike helleristningane

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Trond Lødøen

Tema

Vingen-feltet inneheld minst 2.000 ulike helleristingar frå perioden cirka 4000–2000 år f. Kr. Det er eit av dei største felta i Nord-Europa, og vart oppdaga av fjellklatrar og eventyrar Kristian Bing i 1912. I 2002 vart området freda av Riksantikvaren, og det er derfor forbod mot ferdsel utan særskilt løyve.

I 2020 vil Bremanger kommune ha guida turar til Vingen-feltet med båt tre dagar i veka i perioden 15. april til 15. september. Det kan maksimalt vere med 20 personar per tur, og to guidar. Dersom ein har tid til det kan besøksområdet utvidast til også å gjelde Kålrabisteinen, Brattbakken og Vehammaren, kjende landemerke på feltet.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.