Namn: Lisbeth Håvik

Alder: 28 år

Sivilstatus: sambuar

Bustad: Bergen, men oppvaksen i Almenningen

Yrke: doktorgradsstipendiat i fysisk oseanografi

– Kva er du mest oppteken av?

– Hav og vêr er ein viktig del av det eg forskar på, i tillegg til at det også er noko eg interesserar meg for på fritida. No for tida følgjer eg også med på den amerikanske valkampen. Den er verkeleg av ein heilt annan dimensjon enn kva vi er vande til.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida likar eg å trene og vere med vener og familie. I tillegg er eg sesongspøtar.

– Kven beundrar du?

– Fridtjof Nansen. For ein forskar og pioner! Han sette vesle Norge på verdskartet innanfor polar-havforsking.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Nordfjord er at eg kan gå på fjellet i timesvis utan å møte nokon. Det skjer ikkje her i Bergen.

– Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Då hadde eg laga til fest, moro og aktivitetar for bebuarar og eldre på institusjonane i kommunen. I tillegg ville eg løyvd pengar til dette formålet for framtida.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg har spelt i korpset i mange år og kvar 17. mai om morgonen reiste vi rundt i heile bygda på eit lasteplan for å spele marsjar og nasjonalsongar. Dette er eit flott, men også ganske kjølig minne.

– Kva har du på nattbordet?

– Ein lampe, og to uskrapa millionflax som dessverre ikkje er mine.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Storm.no, nrk.no og bt.no.

– Kva er meininga med livet?

– Å nyte det på sin eigen måte.