Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) seier at dei på ingen måte ser slaget om Bremanger kommune som sjøvstendig eining som tapt.

– Nei, vi føler ikkje at kampen er tapt. Dette er ei tilråding inn til departement og så skal Stortinget avgjere dette, seier han.

Ordføraren si oppgåve framover blir no å overbevise rikspolitikarane om at Bremanger er best tjent med å stå åleine.

– No må vi jobbe inn mot våre folk på Stortinget for å klargjere vårt standpunkt. Fylkesmannen si tilråding vil nok vege tungt, det har vi sett før, men vi må jobbe for å få fram våre argument og vårt syn.

Ordføraren, som personleg er for kommunesamanslåing og gjerne ville ha forhandla med naboane, seier at det beste hadde vore om dette kunne skjedd frivillig. Han trur samarbeidsklimaet kan lide under det.

– Eit tvangsvedtak er eit dårleg utgangspunkt for samarbeid, det vil skape litt motstand. Dette hadde vore mykje betre om vi kunne fått jobba med dette framover, og sett på kva ein kunne fått til på sikt.

– Så du trur Bremanger kunne bevegd seg i retning av nabokommunane på sikt?

– Det er vanskeleg å seie. Eg har alltid meint at vi burde vore med og diksutert og sett kva vi kunne fått til, men det blei som det blei. Og det må vi stå på, seier Røys, som kort tid etter at Fylkesmannen si tilråding blei kjend fekk ein telefon frå Ola Teigen, ordførar i Flora.

Kva dei snakka om vil han ikkje seie, men medgir at dei var einige om at tvang ikkje var eit godt grep.