Mor tryglar om at ambulansen i Selje får bli. Etter ulykka i Ervik på Stadlandet har familien forstått kva denne tryggleiken betyr.

– Eg løftar henne opp, og ho svimar av. Sara (2) vaknar ikkje igjen, ligg berre livlaus i armane mine, auga hennar flakkar rundt, og til slutt eit stivt blikk ut i intet. Eg trudde vi skulle miste ho, at dagen var komen. Det var heilt forferdeleg, seier Helle Frogner, mor til Sara på to år.

Frogner har høyrt snakk om at ambulanseberedskapen i Selje skal flyttast til Måløy og er bekymra for konsekvensane dersom det er tilfellet.

– Eg tek gladeleg ein tur på åtte timar til Førde om eg må. Men eg tryglar som ei mor, vær så snill og bruk hjartet og ikkje lommeboka, det betyr alt for oss her ute å ha tryggleiken i ein ambulanse på Selje, ber ho.

Ingen såg kva som skjedde, men Sara må ha klatra opp på huska, og ramla ned med hovudet først.

– Mannen min, Jon, prøver å få liv i ho. Han er alltid så roleg. Han seier til meg fast og bestemt: Helle, no gjeld det. No må du ringe 113. Eg var så redd, det var traumatisk. Eg fekk kontakt med vaktsentralen, og dei prata med meg og eg svara så godt eg kunne. Dei sendte ein ambulanse ut til oss umiddelbart. Eg forsto at dei var på veg, det var godt å kjenne på den tryggleiken at nokon var på veg for å hjelpe oss, fortel Frogner.

Heldigvis gjekk det bra for vesle Sara, men Frogner fryktar for konsekvensane dersom ambulansa blir flytta.

Det er fire veker sidan uhellet skjedde, men Helle Frogner er framleis sterkt prega av hendinga.

Familien hadde vore ute å fiska og kost seg. Dei skulle berre gjere opp fisken hjå ein nabo.

Alt var så roleg og fint ein søndags ettermiddag, så snudde alt.

Les meir om saka og kva Stian Sægrov, ambulansesjef i Helse Førde, svarar i fredagens papirutgåve av Fjordenes Tidende.