Dette innlegget frå MOT-kordinator Maria Helgesen i Selje kommune står på trykk i dagens utgåve av Fjordenes Tidende:

Bli med å skap eit varmare samfunn

Dei siste dagane har debatten om korleis vi kan stoppe mobbing i samfunnet vårt verkeleg blitt aktuell. Den hjarteskjerande saken om Odin har vist at mobbing treng kontinuerleg motstand frå foreldre, lærarar, elevar og samfunnet rundt.

MOT ansvarliggjær og bevisstgjær ungdom. Vi ser at når ungdom får synleggjort den enorme påverknadskrafta vi alle har på kvar andre, tar ungdommen det ansvaret som følgjer med.

På en MOT-skule blir det sett av tid til å jobbe med slike spørsmål i lag med ungdommane, og vi får saman med ungdommane tid til å bygge en kultur som gjer det både kult og fint å bry seg.

I dag arrangerast MOT til å glede-dagen over heile landet. Fleire tusen ungdommar er med på å spreie glede. Ved å glede andre med enkle midlar kan vi skape eit varmare lokalsamfunn for alle.

Send en SMS til nokon du er glad i. Ring nokon du ikkje har snakket med på lenge. Ta en kaffikopp med naboen du ikkje ser så ofte. Sei «hei» og smil til dei du møter. Ta ein liten dans i køen i butikken osv.

Og husk: Vi greier berre å stoppe mobbing og skape eit tryggare miljø om alle, både vaksne og ungdom, vise mot og tar ansvar.

Ta bilde av gleda du gir og får og del med andre.

På instagram? Då kan du gjerne bruke desse: #glednoen #LmMSelje #MOT.

Kjære alle saman: Ha en fin MOT til å glede-dag!