Dette innlegget er skrevet av lokalpolitikere Gunn Sande (Sp) i Selje i etterkant av budsjettfinalen i kommunen sist uke:

Budsjettfinale i Selje

Kampen var ferdigspilt før «finalen» står å lese i Fjordenes Tidende fredag 19. desember , og at Frps Svein Hansen meinar det var eit spill for galleriet, sidan utfallet var klart kvelden før.  At Frp tek «martyrrollen» i årets budsjettarbeid med påstand om at dei aldri var med i diskusjonen forundrar meg.

Frp var gong på gong og seinast på «søndagsmøte» (som forøvrig føregjekk på dagtid) oppfordra til å legge fram sitt forslag til budsjett.

Men det som dei tilstadeværandes gruppeleiarane (inkl. Frp) hadde å forholde seg til dagen før kommunestyremøte var:

1. Formannskapet sitt forslag

2. Sp og H sitt forslag

Det var utifrå desse to forslaga at diskusjonen gjekk. Samstundes hadde alle parti administrasjonen sitt framlegg friskt i minne der både skule, sjukeheim, Hove og støttekontakt var føreslege kutta.

Budsjettet er kommuna sitt viktigaste styringsdokument. Svein Hansen som har ganske mange år bak seg som kommunepolitikar veit dette. Han veit og at det er vanskelig – om ikkje umulig å få fleirtal for eit budsjett lagt fram av Frp eller andre direkte på kommunestyremøte -   for når eg skal prøve å være «ansvarleg» politikar lyt eg ha tid til å sjå på tala før eg kan være med på å stemme for dei – derfor er det særs viktig å kjenne forslaga på førehand, og Frp sitt framlegg burde vore lagt fram og vore gjort kjent for dei andre partia seinast på det såkalla «søndagsmøte» om Frp ynskte fleirtal for sitt forslag eller deler av det. Eg kan og nemne at politikarane har hatt fleire møter og at Frp også har vore med. At SP og Høgre kunne gå for eigendomskatt dersom det samstundes vart gått for betydelege kutt var heller inga hemmelighet,  det har begge parti vore opne på lenge. Partiprogram eller ikkje.

Så til sjølve budsjettet:

Kirkene i Selje ”må drive på sparebluss” – dei vil få same bevilgning som i 2014 og det må leggjast til at dei fekk ei auke i fjor.  At driftsutvalget leggast ned er riktig – og at ordførar fortset som no i 100% stilling ut perioden stemmer  - men det medfører derimot ikkje riktighet som Fjordenes Tidende sin reporter skriv at ordførerestillinga skal  reduserast til 80 % frå hausten -15. Det får jammen sant det nye kommunestyret bestemme og ikkje det avgåande – noko gruppeleiarane bak årets budsjett var enige om. Forslaget kom dessutan ikkje frå H eller SP, vi endra kun på datoen (Journ. anm.: Seljes økonomisjef Geir Kvisten har bekreftet i etterkant av mandagens møtet at vedtatt budsjett innebærer en reduksjon av ordførerstillingen til 80% fra høsten 2015 i tråd med administrasjonens forslag).

Når det gjeld forskjell på det vedtekne budsjettet og Frp sitt – ville Frp kutte 500.000 meir på administrasjon og 1 mill. meir på skule.  Å kutte meir på skule trur eg ikkje er mulig utan strukturendring og det er eg ikkje med på å gjennomføre no . Når det gjeld meir kutt (enn 1,5 mill. i årets vedtekne budsjett) i administrasjonen trur eg det vil være lite lurt. Pr. 1 januar 2015 startar ein ny rådmann i Selje Kommune og det er rådmannen som skal drive den omorganiseringsprosessen som vi no må i gang med. Det er derfor viktig at ny rådmann får eit visst handlingsrom – og det er då slett ikkje forbudt å spare meir- om ein finn det mulig, formålstjenelig og forsvarleg.

Så til eigedomsskatt: Dersom innbyggarane i Selje Kommune trur at SP eller H med lett hjerte føreslo å innføre eigedomsskatt må dei tru om att, men faktum er at vi har tidlegare års meirforbruk på over 10 mill. kroner – og desse skal betalast tilbake «åkkesom». Der er ikkje tatt høgde for tilbakebetaling av tidligare år underskot i Frp sitt forslag slik eg kan sjå det. Dette er ikkje noko som ein berre kan ønske vekk. Vi lagar ikkje berre eit budsjett for 2015, men er og samstundes pliktige å lage ein fireårsplan.

Håpet og trua må no være at vi får drifta ned på eit nivå som samsvarar med inntektene og at med hjelp av eigedomsskatten får vi tilbakebetalt underskotet, så er det no eingong slik at det til einkvar tid sitjande kommunestyret i budsjettbehandlinga kvar desembermånad som bestemme om eigedomsskatten skal stå på «stedet hvil» aukast eller rett og slett fjernast.

Sp og H meinar no at vi har fått eit realistisk og gjennomførbart budsjett – riktignok med eigedomsskatt (unnateke næring-verk og bruk) men og med klare budsjetterte kutt som vil gjere Selje kommune i stand til å få orden på økonomien.