Eva & The Heartmaker fekk fram både latter, tårer og allsong då dei entra scena i Nordfjordhallen laurdag. - Dette er ein av dei beste konsertane som har vore i Nordfjordhallen, meiner dagleg leiar Ronny Silden Totland.

Rundt 170 publikummarar hadde funne vegen til Nordfjordhallen laurdag for å høyre på Eva & The Heartmaker sin akustiske konsert. I tillegg til kjende låtar, jodling og personlege historiar, fekk publikum også servert ei førpremiere på ein heilt ny song.

- Eg veit ikkje om de veit det, men i år kjem det ein heilt ny julekalendar på NRK. Det er vi som har skrive musikken, og dette er ein av låtane, sa Eva Weel Skram.

Ho fortalde òg at bestefaren hennar kom i frå Måløy, og at det er her ho har namnet sitt frå.

- Eg har spelt her to gongar før, men har ikkje vore i Måløy utanom det. Eg merka at eg fekk ein veldig god kontakt med publikum her, så eg har veldig lyst tilbake, sa ei smilande Weel Skram etter konserten.

Arrangør Silden Totland trur dette er ein av dei beste konsertane som har vore i Nordfjordhallen sidan han tok over som dagleg leiar i 2010.

- Vi er berre nøydde til å få ho tilbake!

Fleire i publikum vart rørt til tårer, og synest Weel Skram er ein unik formidlar. Andre sa konserten var "best ever" i Nordfjordhallen.

Les alt om konserten i avisa tysdag 11. oktober, og sjå video av den nye songen her.