- Vi har fått ein uforgløymeleg dag, seier Stine Blålid (30) som gifta seg med sin Einar Smette (34) laurdag under Elvisfestivalen.

Paret bur på Vaksdal, men mor til Stine kjem frå Raudeberg. Og så mykje hadde Stine skrytt av staden at ho fekk med seg Einar til å legge giftarmålet i regionen.

Det var mykje som gjekk føre seg i Måløy sentrum laurdag. I tillegg til utstilling av både amerikanske bilar og Peterbilt-lastebilar, var det sangkonkurransar, musikk på to scener og parade. På kvelden var det showet "Aloha from Hawaii" som fylte festivalteltet Graceland til randen.

Les meir om Elvisfestivalen i papirutgåva måndag 18. august.