Vanylvingen Maria Parr si bok Vaffelhjarte har blitt teaterstykke, og responsen på den eksklusive framsyninga i heimkommunen var enorm.

– Eg fekk nesten klump i halsen då eg såg alle folka som kom. Det er veldig stas. Eg er glad for at dei fekk dette til, seier Maria Parr (34).

Det var fullt hus og utseld i fleire veker, då teatersjefen blei overtalt til å legge inn ei ekstra framsyning i Møre og Romsdal. 300 billettar blei rivne vekk til kvelden i Olivinhallen på Åheim.

Ungane lo høgt

Vaffelhjarte er både morosam og trist, og inntek ungane sin ståstad heilt og fullt, og med stort truverde, når bestevenene Lena og Trille frå den vesle bygda Knert-Mathilde prøver å forstå venskap, familierelasjonar og kvifor ting skjer i livet.

– Vi synest Lena er så morosam, fortel Jakobine (6), Hanna (8) og Lovise (7) som hadde tatt turen heilt frå Lauvstad for å få med seg Vaffelhjarte.– Men det er noko trist også. Det er nokon som døyr, seier Lovise.Barna, som fekk sitte på første rad under framsyninga, lo høgt fleire gonger, og responsen frå salen var upåklageleg.

Takksam

Maria Parr, som hadde kjøpt billett som alle andre, var strålande fornøgd etter førestellinga. Ho hadde berre sett den ein gong før, på premieren i Bergen.

– No hadde skodespelarane køyrt seg endå meir saman. Det var kjempebra. Eg er takksam og glad for at stykket kom hit, seier ho etter førestellinga.

– Kjende du igjen dine eigne karakterar?

– Ja, dei har halde seg innafor, og tatt godt vare på dei viktigaste karakterane. Det har blitt eit flott stykke, smiler Maria, som også peikar på at bok som medium alltid vil vere annleis enn teater.

Nettopp flytta heim

Parr flytta sist påske tilbake til heimbygda Fiskå, saman med mann og barn.

Ho seier alt kjennest som før.

– Jada, alle kjenner framleis alle her. Det er ingen forskjell. Eg er berre ein helt vanleg person, sjølv om eg sjølvsagt merkar at folk synest det er stas at bøkene mine har gjort det bra. Og at så mange kom på stykket er berre rørande. Eg blir så glad, seier ho.