- Vi får gå først i toget fordi barnehagen vår er 25 år,  gliste denne glade gjengen frå Stårheim barnehage.

Godt over 360 barn frå alle barnehagane i Eid tjuvstarta på 17. mai-feiringa i dag med eit langt barnehagetog. Dette har etter kvart vorte fast tradisjon på Nordfjordeid, og sjølv om det er dagen før dagen var 17. mai-stemninga på plass. Med hurrarop og flagg er toget også høgdepunktet for barnehagane sine vårfestar.

Dei eldste barna frå Stårheim barnehage var kjempefornøgde med barnehagetog.

- Og i dag skal vi feire med både pølse, juice og is!, fastslo Theodor (5 1/2). Dei hadde øvd på å rope hurra, og på bussen innover frå Stårheim song dei Ja, vi elsker dette landet av full hals.

- Kanskje vi kan gå fremst i toget i morgon også, undrar barnehageborna frå Stårheim.

Som i vanlege 17. mai-tog har også barnehagetoget mykje korpsmusikk.  Dei fire skulekorpsa frå Kjølsdalen, Stårheim, Nordfjordeid og Hjelle var med. I år mangla politiet i fremste rad, men der gjekk i staden ordføraren og skulesjefen.

17. mai-stemninga kom til Nordfjordeid i dag, og dermed er alt innøvd til den verkelege festdagen.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende