Laurdag var Selja fylt opp med menneske på tvers av trussamfunn og landegrenser for å markere opninga av Kystpilegrimsleia.

Mange av dei var pilegrimar som følgde MS Nordstjernen, den pensjonerte hurtigruta som blir brukt til prosjektet. Tanken bak Kystpilegrimsleia kom nettopp frå Selja, for fem år sidan.

– Dette har vi arbeidd med heilt sidan 2009. Ideen kom her ifrå, og så har andre overteke stafettpinnen, seier Bjørn Jensen, prosjektleiar i Selja kloster- og helgenanlegg.

– Selja er den mest magiske plassen i verda, sa riksantikvaren då han offisielt opna Kystpilegrimsleia.

Prosjektet er eit samarbeid mellom riksantikvaren, fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, samt dei forskjellige bispedøma.

På plass under opninga var fire biskopar, samt riksantikvaren, soknepresten i Selje, Kari Leine Balog og ordførar Ottar Nygård.

– Vi ønskjer å organisere eit opplegg for å ta i mot pilegrimar, seier Bjørn Jensen.

Han meiner Selja kloster er like viktig som andre pilegrimsmål i verda, med tanke på historia til klosterøya.

– Det er ein stad der folk kan komme og gå i seg sjølv, om ein er 99 prosent pilegrim og ein prosent turist, eller omvendt, seier han.

Les reportasje i papirutgåva måndag 28. juli.