Navn: Veronica EldeAlder: 25 årSivilstatus: sambuar med Erik SalvesonBustad: studentbustad i Oslo, men kjem frå ÅlfotenYrke: medisinstudent på 5. året ved Universitetet i Oslo

– Kva er du mest oppteken av? – Skal vi sjå, det spørsmålet er jo ikkje av dei lettaste, men eg får vel svare noko så keisamt som at det faktisk er medisin og medisinstudiet eg er mest oppteken av for augenblinken. Det blir jo ei boble! Og det er jo faktisk det som opptek mesteparten av tida mi med både undervisning, klinisk praksis, skriving av hovudoppgåve og snart midlertidig lisens – og eg stortrivast jo med det! Vi har mor/barn det her semesteret, og det er utruleg engasjerande. Eg gler meg veldig til å hospitere på fødeavdelinga på Rikshospitalet.

– Kva gjer du på fritida?– Kan vel ikkje akkurat seie at eg har ein stor fritidshobby for tida, men eg elskar å vere ute i naturen, reise, gå på konsertar og har stadig vekk planar om å ta opp igjen min danselidenskap. I starten av studiet var eg ganske aktiv i fleire foreiningar på fakultetet, men no er eg vel kun støttemedlem i MPO (Medicinsk Paradeorchæster), medlem av Svartor (Medicinernes Skiklub) og ei ”ex-har-vert-vertinne” for Bal Medicorum (medisinerane sitt tradisjonsrike vårball) som ikkje heilt klarar å sleppe taket. For ein del helgar og kveldar går med til jobben min som sekretær på Radiumhospitalet.

– Kven beundrar du? – Det blir eit klisjèsvar, men eg beundrar verkeleg familien min. Mamma, besta, onklar og tanter som alltid har stilt opp for meg og støtta meg. Vi har veldig tette bånd i vår familie. Det at dei har sett grenser når eg ikkje alltid har skjønt mitt eige beste, samt stått på sidelinja og heia. Vore sparrepartnarar ved vanskelege vegvalg og tilrettelagt slik at eg har fått køyre mitt eige løp med skule, fritidsaktivitetar og verv opp og ned og i mente. Det set eg utruleg stor pris på i dag!

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det absolutt beste må jo vere den varierte, vakre og ville naturen som omgir Ålfoten. Ein finn jo verkeleg alt heime - frå fjell til fjord, til dal til isbre. Kårnykjen, Myklebustdalen, Ålfotbreen, Gjegnen. Det er berre nokre få av perlene. Eg forsøker kvar sommar å få litt tid til å gå i fjellet og bli betre kjent i terrenget heime, men det er framleis mange toppar og turar eg ikkje har fått kryssa av lista mi enno.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?– Bremanger, Eid, Vågsøy, Selje og Gloppen slår seg saman til éi kommune. Det mindre ambisiøse oppslaget, men vel så etterlengta, har eg vel allereie fått oppfylt: Ålfoten får 4G.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?– Ordførar i Bremanger kommune, ja, det er ikkje akkurat draumejobben må eg innrømme, men då hadde eg krevd at Riksrevisjonen tok ei gransking av OED, KLD, Statnett og kommunen si behandling av Ørskog-Fardal-saka.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?– Som publikum må eg trekke fram Malakoff Rockfestival, og spesielt to konsertar eg umiddelbart minnast. Det er Superfamily i 2006 og Den Svenska Bjørnstammen i 2012. Saman med gode vener dansa eg til svetta braut og vi let oss ikkje stoppe av den grunn. Forøvrig har eg også veldig gode minner frå kulturopplevingar kor eg sjølv både har stått på scena og i kulissane. Då tenker eg på musikalane vi sette opp på Eid VGS i 2009 og 2010, kor eg både dansa og song saman med ein heilt fantastisk gjeng, russerevyen i 2010 som eg koreograferte, og ikkje minst juleshowet vi avslutta med på Christines dansestudio den hausten eg var vikar der.

– Kva har du på nattbordet?– Heilt ærleg, så er det ikkje plass til nattbord i vår velse leilegheit, men ved sengekanten har eg for tida ei salig blanding. Den består av bøkene Maurtuemordene av Hans Olav Lahlum, Mi briljante venninne av Elena Ferrante, Obstetrics av Ten Teachers og Tidsskrift for Den norske legeforening.

 – Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?– Er ei ganske fiffig blanding det òg. Facebook, instagram, nrk.no, aftenposten.no, felleskatalogen.no og dagensmedisin.no.

– Kva er meininga med livet?– 42? Er ikkje det dét svaret dei kjem fram til i The Hitchhiker’s Guide to the Galaxy». Nei, det vil jo vere svært individuelt frå person til person, tenker eg. Heilt overordna og litt filosofisk, så meiner eg at det må vere å leve eit liv som gir meining for den personen som lev det. For min eigen del består det mykje i å tørre og vere ambisiøs, samt det å utfordre seg sjølv til å gå utanfor komfortsona si iblant. Eg tykkjer også at det er veldig viktig å setje av tid til dei ein er glad i, sjølv om det til tider kan vere vanskeleg i dagens jaga samfunn. Og ikkje minst, aldri tru at toget har gått frå ein. Ein er sjeldan for gamal til å prøve nye ting, og ein kan alltid strebe mot å bli ein betre versjon av seg sjølv.