Namn: Lars-Helge Honningsvåg

Alder: 50 år

Sivilstatus: kjærast

Bustad: Stadlandet/Sandane

Yrke: jobbar på Oseberg C som Vedlikeholdsleder for Kca Drilling.

– Kva er du mest oppteken av?

– Familien min er det eg er mest oppteken av, eg vil at barna mine og familien skal ha det så godt som mogleg. Media mater. Eg følge også litt meir enn eg likar med på den trusselen mot samfunnet vårt i form av folkevandring og uro. Media forar oss med info så det er ikkje til å unngå, og på sikt er eg bekymra for framtida vår og elles i Europa.

– Kva gjer du på fritida?

– Likar aktivitet så det blir nokre turar med familien, og då er det også ekstra godt med ein sløvedag inn i mellom. Somme gongar tek eg meg også litt lengre turar i fjellet på eigahand. Eg likar å vere slik passe i form så eg trenar sånn akkurat passe. Finn fin rekreasjon i hobbyfiske, og synest det er kjekt å forsøke å tilrettelegge for andre turgåarar i fjellet, så eg styrer litt med fjelltrimmen i Stadlandet IL.

– Kven beundrar du?

– Pappa og Innvandrings- og integreringsministeren. Far min er veldig tålmodig og stiller altid opp for barn, barnebarn og oldebarn. Eg synest også det imponerende den innsatsen Sylvi Listhaug yter for det norske folk. Ho står fjellstøtt og roleg sjølv om det stormar rundt ho.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Den røffe naturen, havet, frisk luft, fridomen og folket. Kontrastar mellom hav, land og vêr. Her er mykje vêr og eg set då ekstra pris på godvêrsdagane, samtidig som ein på ruskedagane kan ha innedagar med godt samvit. Folket er liketil og stiller opp slik ein må på ein liten plass om det skal skje noko.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Kongen opna Stad Skipstunnel, eller første hurtigruta gjennom Stad Skipstunnel.

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Mykje eg kunne tenkt å gjort då, men skal eg velje må det bli møte med vegsjefen i Sogn og Fjordane for å få sett utvidinga av vegen Kjøde - Sandvik på førsteplass på prioriteringslista. Etter lunsj ville eg ha kjøpt Vestkapphuset og vedteke å ruste det opp. Turisme er viktig for kommunen og eg synest det er trist at huset står slik som det gjer no.

–  Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Ei romersk-katolske messe i Notre-Dame de Paris katedralen for ein del år sida var overveldande om det går under kultur. Skulle berre sjå innom, men blei sittande under heile messa sjølv om eg ikkje skjønte eit einaste ord. Elles har eg mange gode opplevingar på elevkveldane til mine barn og så har eg Bruce Springsten-konsert i sommar friskt i minne.

– Kva har du på nattbordet?

– Pinell nettradio, Den 11. landeplage med Hege Storhaug, Fjell og Vidde med Turistforeningen og så ein masse barnebøker under nattbordet.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Det er mange, men må innom VG og Fjt for å holde seg oppdatert på nyheiter. Må nok også innom Facebook for å oppdatere meg på sosiale nyheiter. Har også eit par Facebooksider som eg prøvar å administrere. Og for å planlegge morgondagens aktivitet er Yr.no ofte eit godt hjelpemiddel. Må innom Strava for å logge trening/turar og sjekke vener sine aktiviteter. Er også ofte innom Georeg for å sjekke status på besøk på fjelltoppane på Stadlandet.

– Kva er meininga med livet?

– Eg trur ikkje på ei djupsre meining med livet, men ei enklare tilnærming. Føre generasjonar vidare etter beste evne og bidra til fellesskapet sitt beste. Enkelt sagt så handler det om å ha det godt den tida vi er på jorda. Eg har mange livsmotto, og eitt er «lev livet mens du kan» eller «just do it».