Namn: Øystein Eckhoff

Alder: 33 år

Sivilstand: sambuar

Yrke: musikar og pianostemmar

Bustad: bur i Volda, men oppvaksen i Syvde i Vanylven.

– Kva er du mest oppteken av?

– Sånn innerst inne er eg vel mest oppteken av mellommenneskelege forhold, samt personleg utvikling. Utover det går det i musikk og kattar på YouTube.

– Kva gjer du på fritida?

– Eg spelar ein del fotball, og så blir det TV-seriar litt seinare på kvelden. Når det høver seg, samlast vi ein kompisgjeng og spelar poker og løyser verdsproblem.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar ganske mange. Ein av favorittheltane mine er Victor Borge, ein avdød dansk pianist og humorist. Eg skulle ynskt eg hadde oppdaga han tidlegare og fått opplevd han.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Heimstaden min Syvde, og Vanylven generelt, har mykje flott natur, men det beste med plassen er likevel folka som bur der og minna ein har derifrå. Det er alltid stas å reise tilbake i feriar og høgtider og ein kan treffe vener som ein vaks opp saman med.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Nytt lovforslag gir svindyr avgift på julemusikk i oktober.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville ha sjekka kor mykje ordførarkjedet faktisk veg.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Eg hugsar mange. Det er vanskeleg å sette gode kulturopplevingar opp mot kvarandre, men ein av dei som verkeleg sette spor var det rytmebaserte showet «STOMP», tidleg på 2000-talet. Uforgløymeleg.

– Kva har du på nattbordet?

– Der ligg mobilen, men utan å lade!

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Facebook, VG, Facebook, Netflix, Pianostemmar.no, Facebook, NRK og Facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Det seiast at det er 42. Heilt greitt for meg inntil vidare.